Andreas (29) skal bli jordmor
Andreas Agasøster frå Stord skal bli jordmor og er med i NRK-serien "Barnesykehuset".
Lenke til videoAndreas Agasøster frå Stord skal bli jordmor og er med i NRK-serien "Barnesykehuset".
Lenke til videoStord Teaterlag set opp Peter Pan for første gong. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoKarl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoPå eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoPå Stord er det no tre månaders ventetid på kosmetiske bilskadar. Bilopprettarane jobbar på spreng for å halda unna. Ifølgje avdelingsleiar på Fylkesnes bil, Olav Bjarte Alfsvåg, hjelper dei raskt med alvorlege skadar som knuste lykter eller speglar, men mindre skrammer må venta. (Video: Preben Ørpetveit Solberg)
Lenke til videoEin kveld i desember kom ein bil køyrande i feil køyrefelt rett mot Joakim (28) frå Stord, på E39 ved Heiane. Dashbordkameraet fanga hendinga, og han melde frå til politiet. Seinare same kveld stoppa politiet ein mann i 30-åra på Føyno, mistenkt for promillekøyring. Mannen blåste til nærmare to i promille, førarkortet blei beslaglagt, og sak er oppretta. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoDet er «høgtid» for Fredrik Mettälä (23) frå Stord. Han er blant dei yngste i Stord kommunestyre og er kjend for å stilla i dress i kvart møte. – Ein representerer folket, og då kler ein seg for anledninga, seier Frp-politikaren. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoSolveig Høyland (28) jobbar i Uganda til vanleg. No er ho heime på Stord og sel juletre. Mange kundar kjem år etter år for å kjøpe ekte tre, ofte på grunn av tradisjon og nostalgi. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoFor Nora er trening meir enn berre ein hobby – det er ein livsstil. Ho er på Stord Crossfit nesten kvar dag, fleire timar om dagen. Etter å ha delteke i VM i «functional fitness», er Nora tilbake på trening – klar til å heva nivået sitt endå meir. Ho har trena aktivt i over åtte år og gir alt, både på trening og i konkurransar. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til videoBrann i Øvre Hageby
Lenke til video27. november 2024 brann det i ein bustad i Øvre Hageby på Stord.
Lenke til videoGro Helland starta Facebook-gruppa Helårsbading-Stord for å finna andre som ville vera med. – Eg håpte berre å finna nokon å bada med, men responsen var enorm, seier Gro. Gruppa har over 90 medlemmer, og mange møter opp for å testa kuldesjokket – og den gode kjensla etterpå. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til video