• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Geir (66) kjempa for livet

Korte videoar
2. september 2024

Geir var på veg til Azorene då stormen slo til. Båten kantra, og han var nære ved å drukna. Utan mast, med båten halvvegs fylt med vatn, måtte han ta eit val: gi opp eller kjempa vidare. (Video: Kristine Brandsdal Barane/Tuva Åserud)

  • Video

Se også

Kunne du bada heile året?
00:23
Korte videoar
21. november 2024

Kunne du bada heile året?

Gro Helland starta Facebook-gruppa Helårsbading-Stord for å finna andre som ville vera med. – Eg håpte berre å finna nokon å bada med, men responsen var enorm, seier Gro. Gruppa har over 90 medlemmer, og mange møter opp for å testa kuldesjokket – og den gode kjensla etterpå. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)
00:29
Korte videoar
23. desember 2024

Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland (46) og sonen Sedrik (4) har flytta inn i eit splitter nytt hus på Vatna. No er dei klare for å feira si første jul der – med Spider Man-julekule på treet og familiebesøk. Silje er kjend som gründeren bak regnkledemerket Kattnakken, som har ei omsetning på 46 millioner kroner så langt i 2024. Det nye huset er fullt av gjenbruk og minner, som treverk frå familien sin gamle tuja. – Eg likar naturleg og betydningsfull julepynt, seier Silje. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)
00:30
Korte videoar
26. desember 2024

Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)

Det er «høgtid» for Fredrik Mettälä (23) frå Stord. Han er blant dei yngste i Stord kommunestyre og er kjend for å stilla i dress i kvart møte. – Ein representerer folket, og då kler ein seg for anledninga, seier Frp-politikaren. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Kva er den beste allsongen?
00:25
Korte videoar
30. desember 2024

Kva er den beste allsongen?

Sunnhordland sin journalist spurte stordabuen: kva er den beste allsongen? (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring
00:24
Korte videoar
31. desember 2024

Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring

Ein kveld i desember kom ein bil køyrande i feil køyrefelt rett mot Joakim (28) frå Stord, på E39 ved Heiane. Dashbordkameraet fanga hendinga, og han melde frå til politiet. Seinare same kveld stoppa politiet ein mann i 30-åra på Føyno, mistenkt for promillekøyring. Mannen blåste til nærmare to i promille, førarkortet blei beslaglagt, og sak er oppretta. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Kva håpar stordabuen på i 2025?
00:36
Korte videoar
3. januar 2025

Kva håpar stordabuen på i 2025?

Sunnhordland sin journalist spurte stordabuen: Kva håpar du på i 2025? (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Slik blir vêret denne veka
00:28
Korte videoar
6. januar 2025

Slik blir vêret denne veka

Meteorolog Haldis Berge fortel at veka blir tørr og kald, med meir snø og mindre vind tysdag. Snøen ser ut til å bli liggjande ut veka, før det blir mildare. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard
00:25
Korte videoar
13. januar 2025

Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard

Kvar dag pendlar Sara og Per Arne frå Fitjar til Sveio for å mata ullgrisane sine. Dei kjøpte garden, med fem falleferdige bygg, for 1,4 millionar kroner. No jobbar dei på spreng med å renovera kårhuset. Draumen? Eit sjølvforsynt gardsliv med butikk og AirBnB. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sarah (22) skal vera med i «Tinderfesten»
00:28
Korte videoar
15. januar 2025

Sarah (22) skal vera med i «Tinderfesten»

Sara Michelle Anglevik frå Moster er med i det nye VGTV-programmet «Tinderfesten», der influensar Fetisha Williams hjelper single med å finna kjærleiken gjennom leikar, konkurransar og blinddater. Blant deltakarane finn ein òg fleire frå program som «Love Island» og «Ex on the Beach». (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Har du sett desse små husa?
00:25
Korte videoar
22. januar 2025

Har du sett desse små husa?

Heime hos Karin Gram-Nygaard på Halsnøy er alt i miniatyr. Ho har brukt over 40 år på å laga små hus og møblar. Venninna hennar, Britt Karin Koløy, har òg kasta seg på hobbyen. Ho har kroniske ryggsmerter og brukar rullestol, og meiner hobbyen har gjort underverk for helsa hennar. Dei lagar alt frå julemarknad til små detaljar som brodert puff og tøflar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Kva vil ungdomane bli?
00:35
Korte videoar
25. januar 2025

Kva vil ungdomane bli?

Me spurde ungdomane på Utdanningsmessa kva dei har lyst til å bli. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Har opna pensjonistkafé
00:35
Korte videoar
27. januar 2025

Har opna pensjonistkafé

Elevane på Nordbygdo ungdomsskule har opna kafé for pensjonistar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Set opp familieframsyninga Peter Pan
00:33
Korte videoar
29. januar 2025

Set opp familieframsyninga Peter Pan

Stord Teaterlag set opp Peter Pan for første gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Russetida blir endra frå 2026
00:35
Korte videoar
1. februar 2025

Russetida blir endra frå 2026

Vestland fylkeskommune har vedteke å flytta russetida til etter siste eksamen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Opna restaurant på skulen
00:21
Korte videoar
3. februar 2025

Opna restaurant på skulen

På Fitjar vgs. laga elevane restaurant for éin kveld. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Nye krav til eigenkapital
00:32
Korte videoar
5. februar 2025

Nye krav til eigenkapital

Frå og med 1. januar i år kom det nye krav til eigenkapital. No treng ein berre ti prosent, i staden for 15 prosent. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video
Handballfeber i Sagvåg
00:27
Korte videoar
7. februar 2025

Handballfeber i Sagvåg

Handballdamene til Solid har vakse enormt på kort tid. (Video: Preben Ørpetveit Solberg/Tuva Åserud)

Lenke til video
Tusenvis har sett videoane til Ole (25)
00:23
Korte videoar
10. februar 2025

Tusenvis har sett videoane til Ole (25)

Tiktok-kokk Ole Sirnes gjekk på Fitjar vgs. No har han gitt ut kokebok. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.