• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

«Boksen» til Stord?

Korte videoar
23. juni 2025

Tv-programmet «Boksen» vurderer å filma på Kattnakkvegen på Stord i sommar.

Se også

Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Martha og Fetisha laga TV-serie på Stord
00:31
Korte videoar
20. oktober 2024

Martha og Fetisha laga TV-serie på Stord

Komikar Martha Leivestad og VGTV-kollega Fetisha Williams tok turen til Stord i sommar for å laga TV-serien «Distriktsdiva». Serien følgjer duoen som prøver å bli gode stordabuar, med oppdrag frå Martha sin far, Jan Leivestad. Dei har råna rundt på Heiane, vore på fisketur og utforska Stord. Serien kjem på VGTV i november og markerer slutten på samarbeidet mellom Martha og Fetisha. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Møt Margun (56) frå Stord
00:30
Korte videoar
22. mars 2025

Møt Margun (56) frå Stord

Margun (56) frå Stord er sivilingeniør, og kattedame på si. (Video: Preben Ørpetveit Solberg/ Tuva Åserud)

Lenke til video
Ungdomstilbod kan bli lagt ned
00:36
Korte videoar
13. november 2024

Ungdomstilbod kan bli lagt ned

MOT-programmet ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord står i fare for å bli lagt ned, og det skapar sterke reaksjonar. Elevar og lærarar er skuffa over kommunen si avgjerd, spesielt sidan dei meiner psykisk helse er viktigare enn nokon gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Er Kaptein Sabeltann skummel?
00:33
Korte videoar
10. februar 2025

Er Kaptein Sabeltann skummel?

Dette synest ungane om den nye Kaptein Sabeltann-filmen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Solveig (28) sel juletre på Stord
00:20
Korte videoar
20. desember 2024

Solveig (28) sel juletre på Stord

Solveig Høyland (28) jobbar i Uganda til vanleg. No er ho heime på Stord og sel juletre. Mange kundar kjem år etter år for å kjøpe ekte tre, ofte på grunn av tradisjon og nostalgi. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis
00:34
Korte videoar
31. oktober 2024

Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis

Sjå for deg at du sit heime i sofaen seint ein laurdagskveld og slappar av framfor TV-en. Plutseleg slår han seg av, og du får varsel om at overvåkingskameraet ditt har registrert rørsle. Ute står det ein mann med hette. Dette skjedde nyleg med Åshild Jordalen på Stord. TV-en hennar blei slått av tre gonger, truleg av ein person med universal-fjernkontroll. Fleire naboar i Valvatnaområdet har også meldt om hærverk og eggkasting den siste tida. Seksjonsleiar for etterforsking i Stord-politiet, Kim Nedrehegg, oppmodar folk om å melda slike hendingar formelt til politiet. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Flaug over Stord
00:30
Korte videoar
11. september 2024

Flaug over Stord

Denne helga fekk ungdommar frå Barnekreftforeningen ei heilt spesiell oppleving, med tandemflyging frå Kattnakken på Stord. Erfarne pilotar frå paraglidingklubbar på Haugalandet og i Bergen sørgde for ein trygg og minnerik dag, trass i utfordringar med vind og logistikk. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video
Anna (29) teikna Stord og Fitjar
00:35
Korte videoar
6. oktober 2024

Anna (29) teikna Stord og Fitjar

Kunstnaren Anna Yttredal (29) frå Stord har fått stor merksemd etter å ha teikna fargerike motiv frå Stord og Fitjar. Teikningane har fått mykje respons i sosiale medium. Yttredal trur responsen har vore god, fordi folk ønskjer ein bit av heimplassen sin på veggen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Cruiseskip avlyste Stord
00:38
Korte videoar
29. august 2024

Cruiseskip avlyste Stord

Cruiseskipet MSC "Poesia" som skulle komma til Leirvik på Stord klokka åtte onsdag morgon, avlyste på kort varsel. Hamnesjef Inge Espenes uttrykkjer skuffelse. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sarah (22) skal vera med i «Tinderfesten»
00:28
Korte videoar
15. januar 2025

Sarah (22) skal vera med i «Tinderfesten»

Sara Michelle Anglevik frå Moster er med i det nye VGTV-programmet «Tinderfesten», der influensar Fetisha Williams hjelper single med å finna kjærleiken gjennom leikar, konkurransar og blinddater. Blant deltakarane finn ein òg fleire frå program som «Love Island» og «Ex on the Beach». (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Stor øving på Stord lufthamn
00:31
Korte videoar
24. september 2024

Stor øving på Stord lufthamn

Eit fly fekk problem under landing på Stord lufthamn. Det var scenarioet naudetatane øvde på måndag. Rundt klokka ti fekk naudetatane melding om røykutvikling i eit fly. Brannvesen, politi og helse rykte raskt ut, og observatørane følgde spent med. Markørar frå Stord folkehøgskule spelte rolla som evakuerte frå flyet. Brannvesenet fekk raskt kontroll på den utvendige brannen, og helsepersonell kunne ta over. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video
– Dei er så raude!
00:42
Korte videoar
27. juni 2025

– Dei er så raude!

Slik var det då cruiseturistane kom til Stord.

Lenke til video
– Ingen er udødelege
00:32
Korte videoar
22. april 2025

– Ingen er udødelege

Bli med på innsida av ambulansetenesta på Stord.

Lenke til video
Russetida har starta
00:45
Korte videoar
23. april 2025

Russetida har starta

Tysdag 22. april blei Stord-russen døypt.

Lenke til video
Moster skule er «Årets eldsjel»
00:39
Korte videoar
3. oktober 2024

Moster skule er «Årets eldsjel»

Elevane på Moster skule kan jubla. Dei er første skule ut som blir kåra til "Årets eldsjel" av NRK TV-aksjonen. Ein jury beståande av kjende fjes, delte denne veka ut prisen. Rektor Joakim Lund er stolt. (Video: Kristine Brandsdal Barane/Tuva Åserud)

Lenke til video
Debutlåta tok plutseleg av
00:42
Korte videoar
19. mai 2025

Debutlåta tok plutseleg av

Snart kjem artisten frå Stord med ny musikk.

Lenke til video
Andreas (29) skal bli jordmor
00:24
Korte videoar
14. februar 2025

Andreas (29) skal bli jordmor

Andreas Agasøster frå Stord skal bli jordmor og er med i NRK-serien "Barnesykehuset".

Lenke til video
Fadderveke utan alkohol?
00:38
Korte videoar
16. juni 2025

Fadderveke utan alkohol?

På UiB vil dei kutte ned på fest og fyll. Slik gjer dei det på HVL campus Stord.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.