• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Sunnhordlands beste eplekake?

Korte videoar
26. august 2024

I 2008 arrangerte Amfi-senteret på Stord «sunnhordlandsmeisterskap i eplekakebaking». Den konkurransen vann Eva Auestad. Då var ho 42 år, no er ho blitt 58. Oppskrifta delte ho då i avisa Sunnhordland. Etter det har oppskrifta blitt populær. (Video: Preben Ørpetveit Solberg)

Les saken
  • Stord
  • Video
  • Oppskrift

Se også

Berthine (17) skal delta i junior-EM
00:34
Korte videoar
9. november 2024

Berthine (17) skal delta i junior-EM

Berthine Tønnessen (17) frå Stord har blitt teken ut til landslaget i undervassrugby. Om få dagar reiser ho til Hellas for å delta i junior-EM. Ho byrja med undervassrugby for to år sidan, etter mange timar i bassenget som symjar. Berthine fortel at sporten krev både lungekapasitet og mot. Venene hennar støttar ho, men forstår ikkje heilt kva sporten går ut på. For Berthine er målet junior-VM i 2026 – og ein dag, kanskje senior-VM i 2027. (Video: Tuva Åserud/Preben Ørpetveit Solberg)

Lenke til video
Christian (15) spelar basketball
00:28
Korte videoar
29. september 2024

Christian (15) spelar basketball

Christian Myklebust Pasa er 15 år og 192 cm høg. Han var, som mange andre, aktiv i fotball. Det var heilt til han og nokre kompisar var på McDonalds og fann ut at dei skulle testa ut basketball. No har han droppa fotballen, og spelar basketball for Stord og Haugesund. Målet er å bli så god som mogeleg, og allereie er han tatt ut på regionssamling. (Video: Preben Ørpetveit Solberg/Tuva Åserud)

Lenke til video
Kunne du bada heile året?
00:23
Korte videoar
21. november 2024

Kunne du bada heile året?

Gro Helland starta Facebook-gruppa Helårsbading-Stord for å finna andre som ville vera med. – Eg håpte berre å finna nokon å bada med, men responsen var enorm, seier Gro. Gruppa har over 90 medlemmer, og mange møter opp for å testa kuldesjokket – og den gode kjensla etterpå. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)
00:30
Korte videoar
26. desember 2024

Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)

Det er «høgtid» for Fredrik Mettälä (23) frå Stord. Han er blant dei yngste i Stord kommunestyre og er kjend for å stilla i dress i kvart møte. – Ein representerer folket, og då kler ein seg for anledninga, seier Frp-politikaren. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring
00:24
Korte videoar
31. desember 2024

Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring

Ein kveld i desember kom ein bil køyrande i feil køyrefelt rett mot Joakim (28) frå Stord, på E39 ved Heiane. Dashbordkameraet fanga hendinga, og han melde frå til politiet. Seinare same kveld stoppa politiet ein mann i 30-åra på Føyno, mistenkt for promillekøyring. Mannen blåste til nærmare to i promille, førarkortet blei beslaglagt, og sak er oppretta. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Set opp familieframsyninga Peter Pan
00:33
Korte videoar
29. januar 2025

Set opp familieframsyninga Peter Pan

Stord Teaterlag set opp Peter Pan for første gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Lars (28) visste ikkje kva han ville bli
00:23
Korte videoar
19. november 2024

Lars (28) visste ikkje kva han ville bli

Kor langt ville du flytta for draumejobben? For Lars Fadnes (28) frå Stord blei svaret Svolvær. Etter fem år som tannlegestudent i Bergen, pakka han sakene og flytta til Lofoten i august. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Runa (25) kan vinna pris
00:36
Korte videoar
15. november 2024

Runa (25) kan vinna pris

Torsdag annonserte TikTok Skandinavia dei nominerte til «TikTok Creator Awards 2024». Blant dei nominerte for «Video of the Year» er Runa Tranøy Aasheim frå Stord. Videoen hennar, som har blitt sett heile 6,9 millionar gonger, viser reisene ho og kjærasten Lars Lorentzen Kverne har vore på. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Meir rus og råkøyring blant unge
00:36
Korte videoar
14. november 2024

Meir rus og råkøyring blant unge

Rusmidla er sterkare enn tidligare, og det er meir råkøyring blant ungdom. Ein ny rapport frå Vest politidistrikt viser til auka ungdomskriminalitet og rusbruk blant unge. Det er politikontakt Nils Blikra på Stord bekymra over. Han fortel at politiet òg ser meir rus og råkøyring blant ungdom. Blikra fortel at politiet vil jobba førebyggjande og samarbeida med andre etatar, for å hjelpa ungdomar på rett veg. Samstundes er han uroa for at organiserte nettverk kan få fotfeste og rekruttera sårbare ungdomar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Ungdomstilbod kan bli lagt ned
00:36
Korte videoar
13. november 2024

Ungdomstilbod kan bli lagt ned

MOT-programmet ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord står i fare for å bli lagt ned, og det skapar sterke reaksjonar. Elevar og lærarar er skuffa over kommunen si avgjerd, spesielt sidan dei meiner psykisk helse er viktigare enn nokon gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tobias (21) sin låt gjekk viralt
00:36
Korte videoar
4. november 2024

Tobias (21) sin låt gjekk viralt

Låten «Heim te ståvo» av Tobias Sten frå Stord har nådd over 600.000 avspelingar på Spotify og har fått plass i ein ny reklame for Vy. Låten er no i toppen av Shazam-lista i Norge og har vore på «Viral 50» på Spotify. Til våren slepp han album og legg ut på festivalturné over heile landet – kanskje med eit stopp i nærleiken av Stord. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sirkus-magi på Heiane
00:36
Korte videoar
23. september 2024

Sirkus-magi på Heiane

Cirkus Agora besøkte Stord i helga, og både store og små let seg imponera. Publikum fekk oppleva akrobatikk, hundeshow og klovneri. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Stuper i popularitet
00:50
Korte videoar
30. august 2024

Stuper i popularitet

Eit snautt år etter at Sigbjørn Framnes blei valt til ny ordførar på Stord, stuper Frp-politikaren i popularitet. I fjor haust sa 21,2 prosent at dei ville ha Framnes som ordførar. No er talet nede i 13,4 prosent. Det viser ei måling Infact har gjort på vegner av Sunnhordland. (Video: Kjetil Østrem.

Lenke til video
Cruiseskip avlyste Stord
00:38
Korte videoar
29. august 2024

Cruiseskip avlyste Stord

Cruiseskipet MSC "Poesia" som skulle komma til Leirvik på Stord klokka åtte onsdag morgon, avlyste på kort varsel. Hamnesjef Inge Espenes uttrykkjer skuffelse. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tapte kampen mot FKH2
00:31
Korte videoar
20. august 2024

Tapte kampen mot FKH2

Stord sitt A-lag tapte igjen, denne gongen 0-4 mot FK Haugesund 2. No står Stord-laget i fare for å rykka ned til 4. divisjon. (Foto/video: Jonas Tislevoll/Tuva Åserud)

Lenke til video
Brann i Øvre Hageby
00:49
Nyhende
27. november 2024

Brann i Øvre Hageby

27. november 2024 brann det i ein bustad i Øvre Hageby på Stord.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.