• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend

Korte videoar
30. oktober 2024

Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)

  • TikTok
  • Sosiale medium
  • Stord
  • ungdomsråd
  • Victoria Larsen
  • Trender
  • E39
  • Trend
  • Nils Blikra

Se også

Meir rus og råkøyring blant unge
00:36
Korte videoar
14. november 2024

Meir rus og råkøyring blant unge

Rusmidla er sterkare enn tidligare, og det er meir råkøyring blant ungdom. Ein ny rapport frå Vest politidistrikt viser til auka ungdomskriminalitet og rusbruk blant unge. Det er politikontakt Nils Blikra på Stord bekymra over. Han fortel at politiet òg ser meir rus og råkøyring blant ungdom. Blikra fortel at politiet vil jobba førebyggjande og samarbeida med andre etatar, for å hjelpa ungdomar på rett veg. Samstundes er han uroa for at organiserte nettverk kan få fotfeste og rekruttera sårbare ungdomar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Ekstremvêret «Jakob» herjar i Sunnhordland
00:36
Korte videoar
31. oktober 2024

Ekstremvêret «Jakob» herjar i Sunnhordland

Ekstremvêret «Jakob» har treft Sunnhordland, og på Stord har regnet ført til utfordringar på vegane. Politiet melder om mykje vatn, blant anna i Klokaholetunnelen og på E39 ved Heiane. Seksjonsleiar Kim Nedrehegg oppmodar bilistar til å køyra forsiktig på grunn av dårleg sikt og store vassmengder. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Anna (29) teikna Stord og Fitjar
00:35
Korte videoar
6. oktober 2024

Anna (29) teikna Stord og Fitjar

Kunstnaren Anna Yttredal (29) frå Stord har fått stor merksemd etter å ha teikna fargerike motiv frå Stord og Fitjar. Teikningane har fått mykje respons i sosiale medium. Yttredal trur responsen har vore god, fordi folk ønskjer ein bit av heimplassen sin på veggen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Runa (25) kan vinna pris
00:36
Korte videoar
15. november 2024

Runa (25) kan vinna pris

Torsdag annonserte TikTok Skandinavia dei nominerte til «TikTok Creator Awards 2024». Blant dei nominerte for «Video of the Year» er Runa Tranøy Aasheim frå Stord. Videoen hennar, som har blitt sett heile 6,9 millionar gonger, viser reisene ho og kjærasten Lars Lorentzen Kverne har vore på. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.