• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Kjøpte hytte utan straum og vatn

Korte videoar
19. mars 2025

Morten og Christine kjøpte ei lita hytte i skogen og har brukt mykje tid på oppussing. (Video: Tuva Åserud)

Se også

Gjekk konkurs. Dette gjer ho no
00:27
Korte videoar
3. mars 2025

Gjekk konkurs. Dette gjer ho no

Christin Kalve (55) kjende på skam etter konkursen. No skal ho hjelpa utslitne kvinner i overgangs­alderen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard
00:25
Korte videoar
13. januar 2025

Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard

Kvar dag pendlar Sara og Per Arne frå Fitjar til Sveio for å mata ullgrisane sine. Dei kjøpte garden, med fem falleferdige bygg, for 1,4 millionar kroner. No jobbar dei på spreng med å renovera kårhuset. Draumen? Eit sjølvforsynt gardsliv med butikk og AirBnB. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Handballfeber i Sagvåg
00:27
Korte videoar
7. februar 2025

Handballfeber i Sagvåg

Handballdamene til Solid har vakse enormt på kort tid. (Video: Preben Ørpetveit Solberg/Tuva Åserud)

Lenke til video
Anna (41) tapte millionar
00:41
Korte videoar
1. september 2024

Anna (41) tapte millionar

Anna Tribis (41) og familien hennar kjøpte eit hus på Hystad. Det som skulle vera draumehuset og ein trygg heim har blitt til eit mareritt. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Erik (29) sprang 100 km
00:33
Korte videoar
22. august 2024

Erik (29) sprang 100 km

Erik Nilsen Onarheim (29) brukte åtte timar av helga på å springa 100 kilometer på løpebanen på Vikahaugane. No vil han til VM. Målet er å springa 245 km på 24 timar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dette skjedde i helga
00:37
Korte videoar
20. august 2024

Dette skjedde i helga

Ei rekkje arrangement gjekk av stabelen på Stord, Fitjar og Bømlo. Sunnhordland var innom fleire av dei. (Video: Tuva Åserud / Henrik M. Andreassen)

Lenke til video
Hus totalskadd natt til måndag
00:22
Korte videoar
16. desember 2024

Hus totalskadd natt til måndag

Flammar og kraftig røyk møtte naudetatane, då ein bustad i Valevåg stod i full fyr natt til måndag. Ein bebuar blei redda av brannalarmen og kom seg ut, men fekk i seg noko røyk. Ingen andre blei skadde. Brannen blussar opp igjen heile tida og det blir vakthald på staden gjennom dagen. Årsaka til brannen er framleis uviss. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Har du sett desse små husa?
00:25
Korte videoar
22. januar 2025

Har du sett desse små husa?

Heime hos Karin Gram-Nygaard på Halsnøy er alt i miniatyr. Ho har brukt over 40 år på å laga små hus og møblar. Venninna hennar, Britt Karin Koløy, har òg kasta seg på hobbyen. Ho har kroniske ryggsmerter og brukar rullestol, og meiner hobbyen har gjort underverk for helsa hennar. Dei lagar alt frå julemarknad til små detaljar som brodert puff og tøflar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Brann i Dåfjorden søndag
00:27
Korte videoar
4. september 2024

Brann i Dåfjorden søndag

Ein einebustad i Dåfjorden, Fitjar, fekk store skader etter ein brann søndag ettermiddag. Huseigaren, Ronny Larsen, var ikkje heime då brannen starta. Huset har store innvendige skader, og familien kan ikkje bu der på ubestemt tid. (Video: Jonas Tislevoll/Tuva Åserud

Lenke til video
Fekk bot på 700 kroner for Syden-tur
00:38
Korte videoar
22. oktober 2024

Fekk bot på 700 kroner for Syden-tur

Trott-trenar Tore Kannelønning fekk seg ei overrasking midt i opprykksjubelen, etter å ha reist på ferie midt i sesongen – utan å gi beskjed på førehand. – Eg har hus som eg nyleg har pussa opp, lån, ungar og no er det snart jul, sa Kannelønning i garderoben, i håp om å få bota ned. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Flaug over Stord
00:30
Korte videoar
11. september 2024

Flaug over Stord

Denne helga fekk ungdommar frå Barnekreftforeningen ei heilt spesiell oppleving, med tandemflyging frå Kattnakken på Stord. Erfarne pilotar frå paraglidingklubbar på Haugalandet og i Bergen sørgde for ein trygg og minnerik dag, trass i utfordringar med vind og logistikk. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video
Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)
00:29
Korte videoar
23. desember 2024

Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland (46) og sonen Sedrik (4) har flytta inn i eit splitter nytt hus på Vatna. No er dei klare for å feira si første jul der – med Spider Man-julekule på treet og familiebesøk. Silje er kjend som gründeren bak regnkledemerket Kattnakken, som har ei omsetning på 46 millioner kroner så langt i 2024. Det nye huset er fullt av gjenbruk og minner, som treverk frå familien sin gamle tuja. – Eg likar naturleg og betydningsfull julepynt, seier Silje. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis
00:34
Korte videoar
31. oktober 2024

Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis

Sjå for deg at du sit heime i sofaen seint ein laurdagskveld og slappar av framfor TV-en. Plutseleg slår han seg av, og du får varsel om at overvåkingskameraet ditt har registrert rørsle. Ute står det ein mann med hette. Dette skjedde nyleg med Åshild Jordalen på Stord. TV-en hennar blei slått av tre gonger, truleg av ein person med universal-fjernkontroll. Fleire naboar i Valvatnaområdet har også meldt om hærverk og eggkasting den siste tida. Seksjonsleiar for etterforsking i Stord-politiet, Kim Nedrehegg, oppmodar folk om å melda slike hendingar formelt til politiet. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.