• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Kva er skjermtida di?

Korte videoar
29. april 2025

Heile 80 prosent av oss er innom sosiale medier kvar dag.

Se også

Nye krav til eigenkapital
00:32
Korte videoar
5. februar 2025

Nye krav til eigenkapital

Frå og med 1. januar i år kom det nye krav til eigenkapital. No treng ein berre ti prosent, i staden for 15 prosent. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video
Skulle opna hattebutikk
00:43
Korte videoar
25. februar 2025

Skulle opna hattebutikk

Karen Lilly Waage Larsen var ei av dei som døydde i «Austri»-tragedien for 80 år sidan.

Lenke til video
Hus totalskadd natt til måndag
00:22
Korte videoar
16. desember 2024

Hus totalskadd natt til måndag

Flammar og kraftig røyk møtte naudetatane, då ein bustad i Valevåg stod i full fyr natt til måndag. Ein bebuar blei redda av brannalarmen og kom seg ut, men fekk i seg noko røyk. Ingen andre blei skadde. Brannen blussar opp igjen heile tida og det blir vakthald på staden gjennom dagen. Årsaka til brannen er framleis uviss. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Stuper i popularitet
00:50
Korte videoar
30. august 2024

Stuper i popularitet

Eit snautt år etter at Sigbjørn Framnes blei valt til ny ordførar på Stord, stuper Frp-politikaren i popularitet. I fjor haust sa 21,2 prosent at dei ville ha Framnes som ordførar. No er talet nede i 13,4 prosent. Det viser ei måling Infact har gjort på vegner av Sunnhordland. (Video: Kjetil Østrem.

Lenke til video
Dette skjedde i helga
00:37
Korte videoar
20. august 2024

Dette skjedde i helga

Ei rekkje arrangement gjekk av stabelen på Stord, Fitjar og Bømlo. Sunnhordland var innom fleire av dei. (Video: Tuva Åserud / Henrik M. Andreassen)

Lenke til video
Anna (29) teikna Stord og Fitjar
00:35
Korte videoar
6. oktober 2024

Anna (29) teikna Stord og Fitjar

Kunstnaren Anna Yttredal (29) frå Stord har fått stor merksemd etter å ha teikna fargerike motiv frå Stord og Fitjar. Teikningane har fått mykje respons i sosiale medium. Yttredal trur responsen har vore god, fordi folk ønskjer ein bit av heimplassen sin på veggen. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Ane (30) sa opp arkitekt­jobben
00:24
Korte videoar
15. oktober 2024

Ane (30) sa opp arkitekt­jobben

Ane var ikkje klar for A4-livet. No sluttar ho som arkitekt for å bli dagleg leiar på veteranskipet MS «Sunnhordland».

Lenke til video
Nora (16) trener crossfit
00:30
Korte videoar
18. desember 2024

Nora (16) trener crossfit

For Nora er trening meir enn berre ein hobby – det er ein livsstil. Ho er på Stord Crossfit nesten kvar dag, fleire timar om dagen. Etter å ha delteke i VM i «functional fitness», er Nora tilbake på trening – klar til å heva nivået sitt endå meir. Ho har trena aktivt i over åtte år og gir alt, både på trening og i konkurransar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Runa (25) kan vinna pris
00:36
Korte videoar
15. november 2024

Runa (25) kan vinna pris

Torsdag annonserte TikTok Skandinavia dei nominerte til «TikTok Creator Awards 2024». Blant dei nominerte for «Video of the Year» er Runa Tranøy Aasheim frå Stord. Videoen hennar, som har blitt sett heile 6,9 millionar gonger, viser reisene ho og kjærasten Lars Lorentzen Kverne har vore på. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Berthine (17) skal delta i junior-EM
00:34
Korte videoar
9. november 2024

Berthine (17) skal delta i junior-EM

Berthine Tønnessen (17) frå Stord har blitt teken ut til landslaget i undervassrugby. Om få dagar reiser ho til Hellas for å delta i junior-EM. Ho byrja med undervassrugby for to år sidan, etter mange timar i bassenget som symjar. Berthine fortel at sporten krev både lungekapasitet og mot. Venene hennar støttar ho, men forstår ikkje heilt kva sporten går ut på. For Berthine er målet junior-VM i 2026 – og ein dag, kanskje senior-VM i 2027. (Video: Tuva Åserud/Preben Ørpetveit Solberg)

Lenke til video
Kaptein Rune (69) syng, badar og trenar på jobb
00:49
Korte videoar
21. september 2024

Kaptein Rune (69) syng, badar og trenar på jobb

Etter 25 år på sjøen, går kaptein Rune Sangolt av med pensjon. Måndag er siste dagen hans som kaptein på snøggbåten «Tranen». (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tobias (21) sin låt gjekk viralt
00:36
Korte videoar
4. november 2024

Tobias (21) sin låt gjekk viralt

Låten «Heim te ståvo» av Tobias Sten frå Stord har nådd over 600.000 avspelingar på Spotify og har fått plass i ein ny reklame for Vy. Låten er no i toppen av Shazam-lista i Norge og har vore på «Viral 50» på Spotify. Til våren slepp han album og legg ut på festivalturné over heile landet – kanskje med eit stopp i nærleiken av Stord. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard
00:25
Korte videoar
13. januar 2025

Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard

Kvar dag pendlar Sara og Per Arne frå Fitjar til Sveio for å mata ullgrisane sine. Dei kjøpte garden, med fem falleferdige bygg, for 1,4 millionar kroner. No jobbar dei på spreng med å renovera kårhuset. Draumen? Eit sjølvforsynt gardsliv med butikk og AirBnB. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mathilde (29) vil ta over familiebedrifta
00:26
Korte videoar
19. oktober 2024

Mathilde (29) vil ta over familiebedrifta

I over 70 år har Interoptik Sele vore på Stord. Mathilde (29) vil sørga for at familiebedrifta blir 100 år. Dagleg leiar Jan Tore Sele er glad for at Mathilde vil ta over stafettpinnen etter kvart. (Video: Kristine Brandsdal Barane/Tuva Åserud)

Lenke til video
Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend
00:44
Korte videoar
30. oktober 2024

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend

Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Flaug over Stord
00:30
Korte videoar
11. september 2024

Flaug over Stord

Denne helga fekk ungdommar frå Barnekreftforeningen ei heilt spesiell oppleving, med tandemflyging frå Kattnakken på Stord. Erfarne pilotar frå paraglidingklubbar på Haugalandet og i Bergen sørgde for ein trygg og minnerik dag, trass i utfordringar med vind og logistikk. (Video: Tuva Åserud

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.