• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Anna (29) teikna Stord og Fitjar

Korte videoar
6. oktober 2024

Kunstnaren Anna Yttredal (29) frå Stord har fått stor merksemd etter å ha teikna fargerike motiv frå Stord og Fitjar. Teikningane har fått mykje respons i sosiale medium. Yttredal trur responsen har vore god, fordi folk ønskjer ein bit av heimplassen sin på veggen. (Video: Tuva Åserud)

  • Sosiale medium
  • Fitjar
  • Stord

Se også

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend
00:44
Korte videoar
30. oktober 2024

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend

Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard
00:25
Korte videoar
13. januar 2025

Sara (30) og Per Arne (31) kjøpte falleferdig gard

Kvar dag pendlar Sara og Per Arne frå Fitjar til Sveio for å mata ullgrisane sine. Dei kjøpte garden, med fem falleferdige bygg, for 1,4 millionar kroner. No jobbar dei på spreng med å renovera kårhuset. Draumen? Eit sjølvforsynt gardsliv med butikk og AirBnB. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tusenvis har sett videoane til Ole (25)
00:23
Korte videoar
10. februar 2025

Tusenvis har sett videoane til Ole (25)

Tiktok-kokk Ole Sirnes gjekk på Fitjar vgs. No har han gitt ut kokebok. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Fitjar vgs. får bestå
00:36
Korte videoar
17. september 2024

Fitjar vgs. får bestå

Fitjar vidaregåande skule får bestå. Partia i Vestland har blitt einige om ein plan for dei neste ti åra. Fitjar vidaregåande skule held fram med nesten same tilbodet, og Bømlo vidaregåande beholder VG3 påbygg. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mann i 50-åra stadfesta omkomen
00:33
Korte videoar
9. september 2024

Mann i 50-åra stadfesta omkomen

Politiet stadfesta søndag at mannen i 50-åra som blei funnen livlaus i sjøen ved Fitjar, er død. Naudetatane rykte ut etter melding om ein førarlaus båt ved øya Fonno søndag føremiddag. Ein større redningsaksjon blei sett i gang, og den livlause mannen blei funnen klokka 12.15. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Brann i Dåfjorden søndag
00:27
Korte videoar
4. september 2024

Brann i Dåfjorden søndag

Ein einebustad i Dåfjorden, Fitjar, fekk store skader etter ein brann søndag ettermiddag. Huseigaren, Ronny Larsen, var ikkje heime då brannen starta. Huset har store innvendige skader, og familien kan ikkje bu der på ubestemt tid. (Video: Jonas Tislevoll/Tuva Åserud

Lenke til video
Mange vil bli jordmødrer
00:28
Korte videoar
23. august 2024

Mange vil bli jordmødrer

Malene Eriksen (32) frå Fitjar og Kristine Emmerhoff (27) frå Bømlo er blant dei som er ferdigutdanna som jordmor. Interessa for studiet er stor, men få får plass på grunn av mangel på praksisplassar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Kunne du bada heile året?
00:23
Korte videoar
21. november 2024

Kunne du bada heile året?

Gro Helland starta Facebook-gruppa Helårsbading-Stord for å finna andre som ville vera med. – Eg håpte berre å finna nokon å bada med, men responsen var enorm, seier Gro. Gruppa har over 90 medlemmer, og mange møter opp for å testa kuldesjokket – og den gode kjensla etterpå. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Brann i Øvre Hageby
00:49
Nyhende
27. november 2024

Brann i Øvre Hageby

27. november 2024 brann det i ein bustad i Øvre Hageby på Stord.

Lenke til video
Nora (16) trener crossfit
00:30
Korte videoar
18. desember 2024

Nora (16) trener crossfit

For Nora er trening meir enn berre ein hobby – det er ein livsstil. Ho er på Stord Crossfit nesten kvar dag, fleire timar om dagen. Etter å ha delteke i VM i «functional fitness», er Nora tilbake på trening – klar til å heva nivået sitt endå meir. Ho har trena aktivt i over åtte år og gir alt, både på trening og i konkurransar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Solveig (28) sel juletre på Stord
00:20
Korte videoar
20. desember 2024

Solveig (28) sel juletre på Stord

Solveig Høyland (28) jobbar i Uganda til vanleg. No er ho heime på Stord og sel juletre. Mange kundar kjem år etter år for å kjøpe ekte tre, ofte på grunn av tradisjon og nostalgi. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)
00:30
Korte videoar
26. desember 2024

Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)

Det er «høgtid» for Fredrik Mettälä (23) frå Stord. Han er blant dei yngste i Stord kommunestyre og er kjend for å stilla i dress i kvart møte. – Ein representerer folket, og då kler ein seg for anledninga, seier Frp-politikaren. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring
00:24
Korte videoar
31. desember 2024

Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring

Ein kveld i desember kom ein bil køyrande i feil køyrefelt rett mot Joakim (28) frå Stord, på E39 ved Heiane. Dashbordkameraet fanga hendinga, og han melde frå til politiet. Seinare same kveld stoppa politiet ein mann i 30-åra på Føyno, mistenkt for promillekøyring. Mannen blåste til nærmare to i promille, førarkortet blei beslaglagt, og sak er oppretta. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Lang kø for å fiksa bilskadar
00:34
Korte videoar
9. januar 2025

Lang kø for å fiksa bilskadar

På Stord er det no tre månaders ventetid på kosmetiske bilskadar. Bilopprettarane jobbar på spreng for å halda unna. Ifølgje avdelingsleiar på Fylkesnes bil, Olav Bjarte Alfsvåg, hjelper dei raskt med alvorlege skadar som knuste lykter eller speglar, men mindre skrammer må venta. (Video: Preben Ørpetveit Solberg)

Lenke til video
Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Set opp familieframsyninga Peter Pan
00:33
Korte videoar
29. januar 2025

Set opp familieframsyninga Peter Pan

Stord Teaterlag set opp Peter Pan for første gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Andreas (29) skal bli jordmor
00:24
Korte videoar
14. februar 2025

Andreas (29) skal bli jordmor

Andreas Agasøster frå Stord skal bli jordmor og er med i NRK-serien "Barnesykehuset".

Lenke til video
Lars (28) visste ikkje kva han ville bli
00:23
Korte videoar
19. november 2024

Lars (28) visste ikkje kva han ville bli

Kor langt ville du flytta for draumejobben? For Lars Fadnes (28) frå Stord blei svaret Svolvær. Etter fem år som tannlegestudent i Bergen, pakka han sakene og flytta til Lofoten i august. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Hannah (23) driv eige studio i Sagvåg
00:36
Korte videoar
17. november 2024

Hannah (23) driv eige studio i Sagvåg

Hannah Valen Hafsmo starta karrieren sin på appelsinar og bananar. No driv 23-åringen driv eige tatoveringsstudio på Stord. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.