Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend
Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)
Lenke til video