• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Har laga møteplass for unge

Korte videoar
16. september 2024

Dette var tidlegare ein vaktmeisterbustad på ein ungdomsskule på Bømlo. No har det blitt ein samlingsstad der ungdom kan ‘henga’. Det er Bømlo ungdomsråd som står bak. (Video: Tuva Åserud)

  • Bømlo
  • ungdomsråd

Se også

Kva vil ungdomane bli?
00:35
Korte videoar
25. januar 2025

Kva vil ungdomane bli?

Me spurde ungdomane på Utdanningsmessa kva dei har lyst til å bli. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dette gjer ungane i ferien
00:26
Korte videoar
26. februar 2025

Dette gjer ungane i ferien

Dette gjer ungane på i vinterferien. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Har opna pensjonistkafé
00:35
Korte videoar
27. januar 2025

Har opna pensjonistkafé

Elevane på Nordbygdo ungdomsskule har opna kafé for pensjonistar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Meir rus og råkøyring blant unge
00:36
Korte videoar
14. november 2024

Meir rus og råkøyring blant unge

Rusmidla er sterkare enn tidligare, og det er meir råkøyring blant ungdom. Ein ny rapport frå Vest politidistrikt viser til auka ungdomskriminalitet og rusbruk blant unge. Det er politikontakt Nils Blikra på Stord bekymra over. Han fortel at politiet òg ser meir rus og råkøyring blant ungdom. Blikra fortel at politiet vil jobba førebyggjande og samarbeida med andre etatar, for å hjelpa ungdomar på rett veg. Samstundes er han uroa for at organiserte nettverk kan få fotfeste og rekruttera sårbare ungdomar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend
00:44
Korte videoar
30. oktober 2024

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend

Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Ungdomstilbod kan bli lagt ned
00:36
Korte videoar
13. november 2024

Ungdomstilbod kan bli lagt ned

MOT-programmet ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord står i fare for å bli lagt ned, og det skapar sterke reaksjonar. Elevar og lærarar er skuffa over kommunen si avgjerd, spesielt sidan dei meiner psykisk helse er viktigare enn nokon gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dukka opp på Vikahaugane
00:25
Korte videoar
9. april 2025

Dukka opp på Vikahaugane

Dei populære Tiktok-profilane Guttavibezzz gjorde at ungdomar rann inn til kampen mellom Stord og Madla på Vikahaugane. (Video: Tuva Åserud).

Lenke til video
Fitjar vgs. får bestå
00:36
Korte videoar
17. september 2024

Fitjar vgs. får bestå

Fitjar vidaregåande skule får bestå. Partia i Vestland har blitt einige om ein plan for dei neste ti åra. Fitjar vidaregåande skule held fram med nesten same tilbodet, og Bømlo vidaregåande beholder VG3 påbygg. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mange vil bli jordmødrer
00:28
Korte videoar
23. august 2024

Mange vil bli jordmødrer

Malene Eriksen (32) frå Fitjar og Kristine Emmerhoff (27) frå Bømlo er blant dei som er ferdigutdanna som jordmor. Interessa for studiet er stor, men få får plass på grunn av mangel på praksisplassar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dette skjedde i helga
00:37
Korte videoar
20. august 2024

Dette skjedde i helga

Ei rekkje arrangement gjekk av stabelen på Stord, Fitjar og Bømlo. Sunnhordland var innom fleire av dei. (Video: Tuva Åserud / Henrik M. Andreassen)

Lenke til video
– Det er krise å trena på ein slik bane
00:41
Korte videoar
28. august 2024

– Det er krise å trena på ein slik bane

Fitjar idrettslag har fått ein skikkeleg oppsving, med mange nye lag og spelarar. Men kunstgrasbanen er nesten ubrukeleg på grunn av skader. Idrettslaget har sendt brev til kommunen, der dei er kritiske til at reparasjon ikkje har blitt prioritert tidlegare. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Fekk prøva seg på militær disiplin
00:27
Korte videoar
6. september 2024

Fekk prøva seg på militær disiplin

Denne veka har 9. trinn ved Stord ungdomsskule prøvd seg på militær disiplin i ekte "Kompani Lauritzen"-stil. Elevane har overnatta til fjells, og lært alt frå teltoppsett til samarbeidsoppgåver. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tapte kampen mot FKH2
00:31
Korte videoar
20. august 2024

Tapte kampen mot FKH2

Stord sitt A-lag tapte igjen, denne gongen 0-4 mot FK Haugesund 2. No står Stord-laget i fare for å rykka ned til 4. divisjon. (Foto/video: Jonas Tislevoll/Tuva Åserud)

Lenke til video
Martha og Fetisha laga TV-serie på Stord
00:31
Korte videoar
20. oktober 2024

Martha og Fetisha laga TV-serie på Stord

Komikar Martha Leivestad og VGTV-kollega Fetisha Williams tok turen til Stord i sommar for å laga TV-serien «Distriktsdiva». Serien følgjer duoen som prøver å bli gode stordabuar, med oppdrag frå Martha sin far, Jan Leivestad. Dei har råna rundt på Heiane, vore på fisketur og utforska Stord. Serien kjem på VGTV i november og markerer slutten på samarbeidet mellom Martha og Fetisha. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)
00:29
Korte videoar
23. desember 2024

Rekordår for Kattnakken-gründer Silje (46)

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland (46) og sonen Sedrik (4) har flytta inn i eit splitter nytt hus på Vatna. No er dei klare for å feira si første jul der – med Spider Man-julekule på treet og familiebesøk. Silje er kjend som gründeren bak regnkledemerket Kattnakken, som har ei omsetning på 46 millioner kroner så langt i 2024. Det nye huset er fullt av gjenbruk og minner, som treverk frå familien sin gamle tuja. – Eg likar naturleg og betydningsfull julepynt, seier Silje. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis
00:34
Korte videoar
31. oktober 2024

Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis

Sjå for deg at du sit heime i sofaen seint ein laurdagskveld og slappar av framfor TV-en. Plutseleg slår han seg av, og du får varsel om at overvåkingskameraet ditt har registrert rørsle. Ute står det ein mann med hette. Dette skjedde nyleg med Åshild Jordalen på Stord. TV-en hennar blei slått av tre gonger, truleg av ein person med universal-fjernkontroll. Fleire naboar i Valvatnaområdet har også meldt om hærverk og eggkasting den siste tida. Seksjonsleiar for etterforsking i Stord-politiet, Kim Nedrehegg, oppmodar folk om å melda slike hendingar formelt til politiet. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Ida (21) fekk kreft to gonger. Så mista ho synet
00:25
Korte videoar
11. januar 2025

Ida (21) fekk kreft to gonger. Så mista ho synet

21-åringen frå Bømlo fekk kreft som tiåring, og igjen som 16-åring. Den siste runden med sjukdommen førte til at ho blei blind. Ida har vore gjennom fleire prøvelsar enn dei fleste på hennar alder. Men ho grev seg ikkje ned for det. Ho meiner det er viktig å kunne tulla om det å vera blind, og fortel at ho tek seg sjølv mindre høgtideleg etter ho mista synet.

Lenke til video
Olve Nyhammer er kiropraktor
00:03
Nyhende
9. oktober 2024

Olve Nyhammer er kiropraktor

Olve Nyhammer er kiropraktor hos Nemus Stord-Bømlo.

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.