• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Seriar
  • Korte videoar
  • Bussen rulle'

Søk etter video

image

Del lenke

Ungdomstilbod kan bli lagt ned

Korte videoar
13. november 2024

MOT-programmet ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord står i fare for å bli lagt ned, og det skapar sterke reaksjonar. Elevar og lærarar er skuffa over kommunen si avgjerd, spesielt sidan dei meiner psykisk helse er viktigare enn nokon gong. (Video: Tuva Åserud)

  • Stord
  • Video
  • MOT
  • Nordbygdo ungdomsskule

Se også

Mindre mobbing på skular på Stord
00:22
Korte videoar
17. januar 2025

Mindre mobbing på skular på Stord

På eitt år har mobbinga på Stord ungdomsskule gått ned. Elevane Adi, Mille og Malene trekk fram fellesaktivitetar, gode lærarar og MOT-programmet som viktige årsaker til det betre miljøet. Også på Sagvåg skule og Leirvik skule har det blitt meir fokus på å skape tryggare plassar for elevane. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Har opna pensjonistkafé
00:35
Korte videoar
27. januar 2025

Har opna pensjonistkafé

Elevane på Nordbygdo ungdomsskule har opna kafé for pensjonistar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Set opp familieframsyninga Peter Pan
00:33
Korte videoar
29. januar 2025

Set opp familieframsyninga Peter Pan

Stord Teaterlag set opp Peter Pan for første gong. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Tapte kampen mot FKH2
00:31
Korte videoar
20. august 2024

Tapte kampen mot FKH2

Stord sitt A-lag tapte igjen, denne gongen 0-4 mot FK Haugesund 2. No står Stord-laget i fare for å rykka ned til 4. divisjon. (Foto/video: Jonas Tislevoll/Tuva Åserud)

Lenke til video
Cruiseskip avlyste Stord
00:38
Korte videoar
29. august 2024

Cruiseskip avlyste Stord

Cruiseskipet MSC "Poesia" som skulle komma til Leirvik på Stord klokka åtte onsdag morgon, avlyste på kort varsel. Hamnesjef Inge Espenes uttrykkjer skuffelse. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Fekk prøva seg på militær disiplin
00:27
Korte videoar
6. september 2024

Fekk prøva seg på militær disiplin

Denne veka har 9. trinn ved Stord ungdomsskule prøvd seg på militær disiplin i ekte "Kompani Lauritzen"-stil. Elevane har overnatta til fjells, og lært alt frå teltoppsett til samarbeidsoppgåver. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Runa (25) kan vinna pris
00:36
Korte videoar
15. november 2024

Runa (25) kan vinna pris

Torsdag annonserte TikTok Skandinavia dei nominerte til «TikTok Creator Awards 2024». Blant dei nominerte for «Video of the Year» er Runa Tranøy Aasheim frå Stord. Videoen hennar, som har blitt sett heile 6,9 millionar gonger, viser reisene ho og kjærasten Lars Lorentzen Kverne har vore på. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Dobbeltagenten frå Stord
00:36
Korte videoar
20. januar 2025

Dobbeltagenten frå Stord

Karl Adding blei fødd på Stord i 1913. Familien budde i Borggata, der faren Salomon dreiv butikk. Han var den einaste jødiske kjøpmannen i Leirvik. Då han gjekk konkurs, måtte familien forlata byen. Under andre verdskrig tok livet til Karl ei overraskande vending. Han blei ein sentral dobbeltagent for Gestapo, og rivalen til angjevaren Henry Rinnan. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis
00:34
Korte videoar
31. oktober 2024

Åshild (24) sin TV slår seg av på mystisk vis

Sjå for deg at du sit heime i sofaen seint ein laurdagskveld og slappar av framfor TV-en. Plutseleg slår han seg av, og du får varsel om at overvåkingskameraet ditt har registrert rørsle. Ute står det ein mann med hette. Dette skjedde nyleg med Åshild Jordalen på Stord. TV-en hennar blei slått av tre gonger, truleg av ein person med universal-fjernkontroll. Fleire naboar i Valvatnaområdet har også meldt om hærverk og eggkasting den siste tida. Seksjonsleiar for etterforsking i Stord-politiet, Kim Nedrehegg, oppmodar folk om å melda slike hendingar formelt til politiet. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend
00:44
Korte videoar
30. oktober 2024

Fleire reagerer sterkt på Tiktok-trend

Har du høyrt om den livsfarlege Tiktok-trenden der folk legg seg i vegbanen? På Stord skjedde det i helga, då to barn la seg midt på E39. Politiet åtvarar no kraftig mot "Angel of death"-utfordringa, som handlar om å springa over vegen rett før store køyretøy passerer. Leiar for ungdomsrådet, Victoria Larsen, seier ho er sjokkert. Ho peiker på korleis likes og følgarar kan pressa folk til å delta i farlege trendar. Politikontakt Nils Blikra kallar det idiotisk, og meiner ungdom ikkje forstår risikoen, og at det kan få dødelege konsekvensar. Både Blikra og Larsen oppmodar foreldre til å snakka med ungdommane sine, for å vera oppdaterte på kva dei gjer på sosiale medium. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Kunne du bada heile året?
00:23
Korte videoar
21. november 2024

Kunne du bada heile året?

Gro Helland starta Facebook-gruppa Helårsbading-Stord for å finna andre som ville vera med. – Eg håpte berre å finna nokon å bada med, men responsen var enorm, seier Gro. Gruppa har over 90 medlemmer, og mange møter opp for å testa kuldesjokket – og den gode kjensla etterpå. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)
00:30
Korte videoar
26. desember 2024

Det er høgtid for Frp-Fredrik (23)

Det er «høgtid» for Fredrik Mettälä (23) frå Stord. Han er blant dei yngste i Stord kommunestyre og er kjend for å stilla i dress i kvart møte. – Ein representerer folket, og då kler ein seg for anledninga, seier Frp-politikaren. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring
00:24
Korte videoar
31. desember 2024

Mann i 30-åra mistenkt for promillekøyring

Ein kveld i desember kom ein bil køyrande i feil køyrefelt rett mot Joakim (28) frå Stord, på E39 ved Heiane. Dashbordkameraet fanga hendinga, og han melde frå til politiet. Seinare same kveld stoppa politiet ein mann i 30-åra på Føyno, mistenkt for promillekøyring. Mannen blåste til nærmare to i promille, førarkortet blei beslaglagt, og sak er oppretta. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Lars (28) visste ikkje kva han ville bli
00:23
Korte videoar
19. november 2024

Lars (28) visste ikkje kva han ville bli

Kor langt ville du flytta for draumejobben? For Lars Fadnes (28) frå Stord blei svaret Svolvær. Etter fem år som tannlegestudent i Bergen, pakka han sakene og flytta til Lofoten i august. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video
Meir rus og råkøyring blant unge
00:36
Korte videoar
14. november 2024

Meir rus og råkøyring blant unge

Rusmidla er sterkare enn tidligare, og det er meir råkøyring blant ungdom. Ein ny rapport frå Vest politidistrikt viser til auka ungdomskriminalitet og rusbruk blant unge. Det er politikontakt Nils Blikra på Stord bekymra over. Han fortel at politiet òg ser meir rus og råkøyring blant ungdom. Blikra fortel at politiet vil jobba førebyggjande og samarbeida med andre etatar, for å hjelpa ungdomar på rett veg. Samstundes er han uroa for at organiserte nettverk kan få fotfeste og rekruttera sårbare ungdomar. (Video: Tuva Åserud)

Lenke til video

Vi nyttar cookies for å betra brukaropplevinga. Sjå fleire detaljar i cookieerklæringa vår. Les meir.

Ansvarleg redaktør
Vidar Hope
Opningstider
Kundesenter mån-fre: 08:00-15:30
Telefon: 53 45 00 00
Besøksadresse
Borggata 15, Stord
Postadresse
Postboks 100, 5401 Stord
Kontakt oss
Redaksjonen
Kundeservice
Marknad
Innstillinger

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.
Informasjon om openheitslova.